Ingvild Flottorp lanserer fredag albumet It All Seems So Clear på Vestkyst Records. Og debutanten fra Åmlis dype skoger har fått med seg noen av landets fremste musikere innen americana. Redaktøren ble nysgjerrig og sendte Ingvild noen spørsmål.

Av red. Foto: Bea Valand

__________________________________________________________________________________________________

Hei Ingvild, hva er det med Åmli egentlig? Ei indre Agder-bygd på 1800 innbyggere med eget hotell, kunstgalleri, festival og ikke minst en pen bukett med artister som Jonas Alaska, søsknene dine Johanne (The Northern Belle) og Tobias (Ruby Red & The Moonshine Brothers)?

– Sei det, må vel vere noko i vatnet som renner ned frå heiane her. Neidå, men naturen gjenspegler kanskje menneska her for alt eg veit. Er ikkje den heilt same, storslåtte naturen som Setesdal og Telemark er kjente for, og samtidig er ho ikkje som nabokommunane nærmare kysten. Den er seg sjølv på ein heilt eigen måte, vil eg sei. Og sånn sett er den ganske unik. Den er liksom som ein slags lillebror, ikkje nødvendigvis dårlegare enn storebror, men har eit mindre «press» på seg. Det gjer kanskje noko med ein. Om ein ser ting på den rette måten, har kreativiteten gode moglegheiter for å blomstre i Åmli.

Ingvild Flottorp. Foto: bea Valand

Veit ikkje om det er ord-rett den beste måten å sei det på. Det må ikkje kome feil ut, for eg meiner absolutt at Åmli er i ypperste klasse, men du må kanskje ha opplevd det for å vite det. Trur ikkje alle nødvendigvis tenker på Åmli som paradis på jord, men for meg er det det.

Det blir ofte sagt at naturen man beveger seg i og bor i, påvirker uttrykket man skaper. Oh K’s anmelder Roy Søbstad skriver bl.a at «Debutalbumet til Ingvild Flottorp får en til å lure på om avstanden fra Indre Agder til Sør-California kan være så stor som man har gått rundt og trodd» og sammenlikner It all seems so clear med de tidlige platene til Linda Ronstadt. Tror du det er med kunst som med mennesker, altså at arv og miljø blir påvirkninger på hver sin måte?

– Oi, det var ei veldig fin samanlikning. Det tek eg som eit stort kompliment.

Les anmeldelsen av plata her

Trur nok at alt har ein samanheng med kvarandre. Kunsten blir nok påverka av naturen ein har rundt seg, men i aller størst grad av menneska ein har rundt seg også. Samtidig tenker eg at det ikkje bare er kunsten som blir fargelagt av den naturen ein har rundt seg. Det fargelegger nok også eit menneske i stor grad, så eg tenker at alt må ha ein samanheng. Og kven veit, kanskje det er noko californiskt over Åmlifolk?

Det skal du ikke se bort fra, indre Agder er tross alt kjent for sterke koblinger til junaiten. Det vil si, nå vet jeg ikke helt med Åmli, men i vestfylket står Amerika fremdeles sterkt. 

Du er straks ute med debutalbumet It all seems so clear, gratulerer! Litt av et stjernelag du har fått med deg i studio, fortell!

– Ja, absolutt. Har vore veldig heldig. Er storebror, Tobias Flottorp Heltzer, som har produsert og miksa plata. I tillegg er han fast inventar i bandet og speler bass og korer der, i tillegg bidrar han med gitar på plata. Storesøstera mi, Johanne, speler også fele på plata. Dei har jo allerie etablert seg godt i miljøet og har opna mange dører for meg. Så mange av dei andre som bidrar på plata er folk eg har kome i kontakt med gjennom dei. Så er ei god blanding av vener og bekjente av okk søskna, kan du sei.

Det ryktes også at flere av de mer etablerte americana-musikerne bidrar?

Ja, eg har fått med meg fleire frå det norske americana-miljøet, blandt anna Mari Sandvær Kreken frå Darling West, Stine Andreassen frå the Northern Belle, Marte og Nicolai Herwell frå Ruby Red & the Moonshine Brothers og Live Miranda Solberg aka Louien. Ellers var eg så heldig å få mentorhjelp av Malin Pettersen i fjor, så det var veldig stas at ho ville vere med på ein duett med meg. Det er singlen «A Part of Me» som er siste før albumet kjem ut 23. april.

Ingvilds debutalbum lanseres fredag 23. april på Vestkyst Records

Dette er ei kjapp americanalåt om å ikkje ville gå på akkord med seg sjølv. Det er mykje ein kunne ha gjort for at ein skulle kunne oppnå det som bli ansett som best å oppnå i livet, men det er ikkje noko poeng i dersom det ikkje kjenst rett for ein. Er på mange måter slik det kjenst ut å køyre på med americana.

Malin Pettersen ja, det er jo stooor stas! Malin ser jo nå ut til å nærmest gå i bresjen for «nordicana» som mange etter hvert kategoriserer den stadig større bølgen av americana-artister her oppe i nord. Hvor ser du deg selv i dette landskapet? Kjennes det ut som du er på vei mot noe som er det rette for deg?

Ja, absolutt. Føler meg veldig heime i «nordicana»-landskapet. Musikken vil jo som ein sjølv heile tida vere i utvikling, så komande musikk vil nok ikkje vere heilt likt som det eg gir ut nå, men det vil nok framleis vere noko ein kan kalle americana, eller nordicana, då. 

Det ser vi frem til å høre! Enn så lenge har vi vært så heldige å lytte oss opp på It All Seems So Clear som har gått noen runder på spilleren her og som lanseres førstkommende fredag på Vestkyst Records. Sjekk ut!